2011 tikkar mot slutten, og julevolleyballen kjem nærare og nærare.
Julegristurneringa vert som vanleg arrangert i Naustdalshallen 2.juledag (26.des.)
Det vert konkurrert i dame- og herreklasse. Startkontingenten er kr 600 pr lag.
Vi oppfordrar både klubbar og veneflokkar til å tromme saman lag og vere med på å skape god julevolleyballstemning i Naustdal.
Dei siste åra har vi fylt hallen til randa, og vi kan måtte sette ei grense for talet på deltakande lag. Her gjeld første-mann-til-mølla prinsippet, så det er berre å melde seg på i god tid.
Påmelding innan 22.desember på epost:
dag.storoy@enivest.net
Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Volleyballkrins
Førde VBK Elite
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar