25. des. 2011

Litt praktisk info

Dei praktiske detaljane er som dei har brukt å vere.

Turneringa i hallen blir administrert av Ingri Erdal og Hilde Elvebakk.

Finansminister er fortsatt Thomas Haug. Deltakaravgifta betalast direkte til han i hallen.

Ei ekstra oppfordring til alle er å passe på kva ein kastar frå seg av søppel og anna. Bruk bossbøttene og pass på å ta med panteflasker som ofte har ein tendens til å ligge att i stort monn.

23. des. 2011

Kampoppsettet er klart

Då er oppsettet klart. Det blir spelt med 10 damelag og 9 herrelag.

Detaljane finn de her:

Dei første kampane startar kl halv ni om morgonen, og ein skal vere ferdig til kl 17. Det er viktig at alle merkar seg at tidsskjemaet er knapt, så ein kan ikkje rekne med å få varme opp på banene. Kampane må starte på oppsett tid.

Det er fritt fram å legge inn kommentarar på oppsettet dersom de har spørsmål eller evt skulle finne noko feil.

15. des. 2011

Påmeldte lag

Her er status på dei påmeldte laga til no:

Herrar
1. Viksdalen 1 - Dag Storøy
2. Familien Berntsen - Martin Berntsen
3. Småttisane - Bjørn Ove Langlo
4. Fråflytta VBK - Kristoffer Våge Sundal
5. Viksdalen 2 - Dag Storøy
6. Stjernedryss - Jan Egil Tvinde
7. Angedalen - Tor Kristian Kvammen
8. Førde G17 - Sven Igelkjønn
9. Rolls Roy's - Jon Jarning


Damer
1. Bjelleklang - Ina Steiro Herstad
2. Familien Berntsen - Martin Berntsen
3. Carebears - Maria Fossøy
4. Longvastøls/Erdals med følgje - Ingri Erdal
5. Smashing Pumpkins - Linda Sølvberg Storøy
6. Pork Chops - Synne Berge
7. Fjordingane - Silje Skilbrei
8. Powerpuffs - Dag Rune Mallasvik
9. Team United - Marita Hafstad
10. Gen85 - Mari Haug

7. des. 2011

Julegristurneringa 2011

2011 tikkar mot slutten, og julevolleyballen kjem nærare og nærare.

Julegristurneringa vert som vanleg arrangert i Naustdalshallen 2.juledag (26.des.)

Det vert konkurrert i dame- og herreklasse. Startkontingenten er kr 600 pr lag.

Vi oppfordrar både klubbar og veneflokkar til å tromme saman lag og vere med på å skape god julevolleyballstemning i Naustdal.

Dei siste åra har vi fylt hallen til randa, og vi kan måtte sette ei grense for talet på deltakande lag. Her gjeld første-mann-til-mølla prinsippet, så det er berre å melde seg på i god tid.

Påmelding innan 22.desember på epost:
dag.storoy@enivest.net


Med venleg helsing


Sogn og Fjordane Volleyballkrins

Førde VBK Elite