Resultatoppdateringane kom dessverre seint i år, noko som heng saman med at webansvarleg er på flyttefot. På herresida vart det siger til det sterke laget frå Vik. Dei tapte finalen i fjor mot Jølster og var heiltente på å sikre seg skinka i år. I år var finalemotstandar Raymon VBK med brødrene Berntsen som spydspissar. Sjølv om det var jamt, vann Vik tilslutt 2-0.For damene vart det siger til Superpakkisane som sigra over Førde U21. På vinnarlaget hadde alle spelarane erfaring som pakkarar på Naustdal dampbakeri.
Bileta frå turneringa ligg einstad i flyttelasset mitt og vil truleg bli publiserte med invitasjonane til turneriniga i 2008.
Godt nytt år.