26. des. 2007

Turneringa er i gang.

Turneringa er i gang.
Denne MMSen er sendt fra en Tele2 abonnent.
Du kan ikke svare via e-post, men du kan ringe avsender på telefonnummer +4745039397

This MMS was sent from a Tele2 subscriber.
You cannot reply to this MMS by email. Call him/her: +4745039397

23. des. 2007

Kampoppsettet er klart

Då er kampoppsettet for turneringa klart. Det kan du finne her:

Dei første kampane startar allereie kl 0830. Det skal vere vektløftarstemne frå kl 1700, så kampoppsettet er laga for å ikkje komme i konflikt med det.

Praktisk informasjon:
Kvar klasse har 11 lag delt i tre puljer, to puljer med 4 lag og ei pulje med 3 lag.
Kriteria for rangering av laga i ei pulje er desse:
- Antal vunne kampar, settforskjell, ballforskjell, antal vunne sett, antal vunne ballar, stein-saks-papir mellom kampteinane (best av tre) .
Dei tre puljevinnarane går til semifinale.
Nr 2 i puljene med fire lag møter lag nr 2 og 3 frå pulja med tre lag, til åttendedelsfinalar.
Dei to vinnarane i åttendedelsfinalane møter kvarandre til kamp om den siste semifinaleplassen.
To av semifinalelaga vil komme frå same pulje. Desse to laga skal ikkje møtast i semifinale.

Denne litt spesielle strukturen er laga for å ivareta følgande prinsipp innafor den begrensa halltida vi har:
- Lag som reiser langt skal starte seint.
- Alle laga skal få spele minst tre kampar, også dei laga som er i pulje på berre tre lag.
- Dersom dei to beste laga er i same pulje skal likevel begge kunne nå finalen.
Her er eit bilde som illustrerer sluttspelet.

Det er berre sett av 30 minutt til kvar kamp. Det blir dermed ikkje tid til oppvarming med ball på banene.
Kampane spelast best av tre sett, der dei to første går til 25 og evt tie-break sett til 15. Ein må ikkje vinne med to poeng. Det betyr at eit sett kan ende 25-24. Det er ikkje tillete med timeout før i finalen.
Alle setta startar på stillinga 10 - 10 (dvs effektivt går setta til 15, og tie-break sett til 5).
Dersom vi får problem med å halde tidsskjemaet kan startstillinga bli auka. Det blir evt bestemt i forkant av kvar kamp.
I finalane startar setta på 0-0.
Laga må sjølv dømme og skrive poeng. Laget som er sett opp som arrangør er ansvarleg for desse detaljane i kvar kamp.

Det er som de ser eit stramt skjema men dersom alle er innstilte på å komme raskt i gang burde det gå bra. Vel møtt!

21. des. 2007

Endeleg deltakarliste

No er fristen for påmelding ute og følgande lag er registrerte:

Herrar:
Raymon VBK - Pål Arve Myklebust
Fasso Bortolo - Gaute Schei
Viksdalen - Dag Storøy
Førde - Thomas Haug
Jølster All Star - Tor Kristian Kvammen
Førde U16 - Bendik Huus
Førde U19 - Torgeir Veien Tundal
Vikjene - Jan Egil Tvinde / Åsgeir Holstad
Dei håpefulle - Asbjørn Eikenes
Juiorane - Ruben Inderøy
Guttaboys - Lennart N Hansen

Damer
Førde U21 - Marita Hafstad
Julestjernene - Anne Marit Sølvberg Rygg
Gunn's old star team - Gunn Nøstdal
Risk it - Hanne Fitje
Superpakkisane - Marte Longvastøl
Absolut U19 - Bjarte Berge
Tjukkerulta - Aina Jøranli Heggen
Refleks - Kristine Fossen
Naustdal Bitches - Marina Gjøringbø
Maggis Dream Team - Magnus Sellevold
Veteranlaget frå Sande - Sølvi Søgnen

Totalt 11 herrelag og 11 damelag. Det blir eit puslespel å få plass til dette i Naustdalshallen men det er jo eit luksusproblem.

Kampoppsettet blir klart i løpet av helga og publisert på sida her. Sidan det er så mange lag påmeldt må vi rekne med å starte dei første kampane allereie så tidleg som kl 8:30.

18. des. 2007

Status for påmeldingar

Påmeldinga har begynt å kome inn for fullt. To dagar før fristen går ut er følgjande lag registrerte til turnering:
(Lagnamn / kontaktperson ) ****** betyr at lagnamnet ikkje er klart enno.
Herrar:
Raymon VBK - Pål Arve Myklebust
Fasso Bortolo - Gaute Schei
Viksdalen - Dag Storøy
******* - Thomas Haug
******* - Tor Kristian Kvammen

Damer
Førde U21 - Marita Hafstad
Julestjernene - Anne Marit Sølvberg Rygg
Gunn's old star team - Gunn Nøstdal
******* - Hanne Fitje
Superpakkisane - Marte Longvastøl

Dette er føre skjema frå dei føregåande åra, då mange påmeldingar faktisk har kome inn etter fristen. Av praktiske hensyn nermar kapasitetsgrensene i hallen seg når det blir 8 lag i kvar klasse. Så ikkje vent for lenge med å sende inn påmelding. Dette blir knall.

PS: Dersom nokon føler behov for å markere revir i forkant av denne høgtidelege kappestriden, er det fritt fram å legge inn kommentarar. Fyr laus!

26. nov. 2007

Jula nærmar seg igjen....

I dag er det ein månad igjen til julegristurneringa 2007. Etter stor deltaking dei siste to åra ser vi fram til eit nytt morosamt arrangement i år. Invitasjonar er sendt ut på epost, og essensen ligg her:

Turneringa vert på ny arrangert i Naustdalshallen 2.juledag (26.des.)

Det vert arrangert dame- og herreklasse. Startkontingenten er kr 600 pr lag.

Vi oppfordrar både klubbar og veneflokkar til å tromme saman lag og vere med på å skape god julevolleyballstemning i Naustdal.

Vel møtt.

Påmelding innan 20.desember:
Mail: dag.storoy[krøllalfa*]enivest.net
SMS: 45 03 93 97

Beste helsing

Sogn og Fjordane Volleyballkrins og Førde VBK Elite

*Spambeskyttelse: For korrekt mailadresse, byt ut [krøllalfa*] med @