25. des. 2008

Litt praktisk informasjon

Deltakaravgifta på kr 600 pr lag betalast kontant i hallen til Thomas Haug.

Det blir ein enkel kiosk i hallen med sjokolade, brus, pølser og kaffi.

Kmapprogrammet er stramt, så det blir ikkje tid til oppvarming på banene. Laga må gjere seg så varme dei kan med bøy og tøy på sidelinja eller i garderoben.

24. des. 2008

Kampoppsett

Detaljert kampoppsett ligg her.

Kampane startar altså kl 9:00, og finalane blir spela kl 15:00. Dei fleste har eit ynskje om å kunne starte seint, spele mykje, og slutte tidleg. For å nerme oss det idealet er derfor tidsskjemaet trangt, og alle bør gjere sitt for at kampane skal gå unna så raskt som muleg. Både spelarar og dommarar må gjere seg kjende med når dei skal i aksjon og vere klare til rett tidspunkt.

Opsette viser alle puljespelkampane i detalj, og sluttspelet er sett opp med bane og tidspunkt. Kven som skal spele og dømme her må naturlegvis vente til vi ser resultata av det innleiande.

22. des. 2008

4 dagar igjen..

Då er fristen ute og det er påmeldt 8 lag i kvar klasse. Det er nokre lag som har fått utvida frist for påmelding fram til i morgon kveld, så det kan bli eit par lag til. Oppsettet vil etter planen bli laga og publisert om kvelden veslejulaftan. Då vil dei nøyaktige detaljane bli lagt fram. Førebels kan laga instille seg på å starte kampane om morgonen klokka 9. Lag som kjem langvegsfrå vil sjølvsagt ha ein seinare start. Dersom det er lag som har andre særskilte ynskje i forhold til kampoppsettet bør det sendast melding om det innan veslejulafta kl 20:00

7. des. 2008

Status for påmeldingar

Damer:

1
Dei unge (og) lovande
Marita Hafstad
2
Blanda drops
Siw Heggedal Longvastøl
3
Superpakkisane
Randi Marie Berntsen
4
Jølster
Grete Heieren
5
Team Haug
Mari C Haug
6
The pepperkakebakers
Marina Gjøringbø
7
Sturle sine ballebankera
Silje Vallestad
8
Smashing Pumpkins
Anne Marit Sølvberg Rygg
9
92årgangen
Miriam Mikalsen
10
Silje og noken andre
Malene Slettehaug



Herrar

1
Raymon VBK
Pål Arve Myklebust
2
Jølster All Star
Tor Kristian Kvammen
3
Viksdalen
Dag Kjetil Storøy
4
Vik
Åsgeir Holstad
5
Angedalen
Andreas Haug
6
Fjøsnissane
Espen Kirketeig
7
Team Nøstdal
Kenneth Nøstdal
8
Førde GU19
Bendik Huus
9
Førde Old Boys
Håvard Fauske
10
Morten "og de andre"
Morten Varøy

1. des. 2008

Desember er her igjen...

Like sikkert som julenissen på kjerringa, så blir det julegristurnering i år igjen. Skinkene er kjøpt inn og befinn seg no i glassmonter på ein trygg og avsides stad i fjellområda i indre sunnfjord. Turneringa går som tidlegare av stabelen i Naustdalshallen 2.juledag. I 2007 vart første kampar spela kl 8:30 og vi var ferdige i hallen til kl 17:00. Denne ramma tek vi sikte på å halde oss innafor i år igjen. Langvegsfarande vil bli prioriterte med sein oppstart og kompakt program. Påmeldingar kan sendast til dag.storoy(a)enivest.net (a) = @, eller på SMS til 45 03 93 97.

Informasjon om turneringa blir fortløpande lagt ut på bloggen her.