23. des. 2009

Detaljert kampoppsett

No er kampoppsettet heilt ferdig med arrangørforpliktelsar. Legg særskilt merke til når ditt lag skal vere arrangør. Det er svært viktig at kampane startar etter oppsett tid for å unngå forsinkelsar. Det blir som regel ikkje tid til oppvarming på banene før kamp.

Les alle detaljar her

22. des. 2009

Puljer, tidspunkt og grunnlag for kampoppsett.

Då er tidsplanen lagt og puljene inndelt. Detaljert kampoppsett med dommaroppgaver kjem i i morgon, men det aller meste vil vere gitt ut frå den oversikten som ligg ved her.

Kampoppsett

Dersom de finn feil eller manglar, så gi meg ei tilbakemelding så raskt som råd.

8. des. 2009

Påmeldingar - Endeleg status

Når påmeldingsfristen gjekk ut i går var det kome inn påmelding frå 12 herrelag og 8 damelag. Det blir dermed sett sluttstrek, og alle som meldte seg på innan fristen får delta.

Kampoppsett blir publisert den 22. eller 23. desember. Oppstart vil vere kl 8 eller 8:30, og siste kamp skal vere ferdig seinast kl 17.

Herrar:
1: Raymon VBK - Pål Arve Myklebust
2: Vik - Åsgeir Holstad
3: Jølster All Star - Stig Myrmel
4: The Hasselhoffs - Bjørn Øyvind Hove Ås
5: Førde Oldboys - Fredrik Hovland
6: Fredd's disipler - Kristoffer Våge Sundal
7: Fjøsnissane - Espen Kirketeig
8: Angedalen - Mathias Haug
9: KFUM Volda - John Sverre Aarseth
10: Sogne-Piggs - Jan Morten Loftesnes
11: Førde Youngstars - Leonard Hope Hornnes
12: Rolls Roy's - Ruben Inderøy

Damer:
1: Raudnasene - Gunn Nøstdal
2: Team United - Marita Hafstad
3: Longvastøls/Erdals med følgje - Ingri Erdal
4: Naustdalsjentene - Mari Horstad
5: Julestjerner - Synnøve Øyra
6: Hardeballer - Marina Gjøringbø
7: Smågrisene - Torill Faleide
8: Liggeunderlaget - Trine Storkås

7. des. 2009

Siste julegristurneringa dette tiåret.

Det blir hermed invitert til siste julegristurneringa dette tiåret.

Turneringa vert som vanleg arrangert i Naustdalshallen 2.juledag (26.des.)
Denne unike turneringa femnar om alt frå profesjonelle til amatørar, frå veteranar til juniorar.

Det vert konkurrert i dame- og herreklasse. Startkontingenten er kr 600 pr lag.

Vi oppfordrar både klubbar og veneflokkar til å tromme saman lag og vere med på å skape god julevolleyballstemning i Naustdal.

Dei siste åra har vi fylt hallen til randa, og vi vil setje ei grense på 10 lag i kvar klasse. Her gjeld første-mann-til-mølla prinsippet, så det er berre å melde seg på i god tid. Detaljar blir publisert på http://julegristurnering.blogspot.com/

Påmelding innan 20.desember:
Mail: dag.storoy@enivest.net
SMS: 45 03 93 97


Sogn og Fjordane Volleyballkrins
og
Førde VBK Elite

3. jan. 2009

Tittelforsvararane forsvara seg

Både Vik og Superpakkisane klarte å forsvare skinketittelen frå 2007, og vann også turneringa i 2008. Jølster som var Vik sin motstandar i herrefinalen, men mestrane frå 2006 klarte ikkje å ta tilbake trona. På kvinnesida var det "Dei unge (og) lovande" som måtte gi tapt for fjorårsvinnarane. Laga hausta heim si andre skinke på like mange år, og vi ser fram til å sjå om dei kan klare det same for tredje gang.

I år vart det også spela eit nedre sluttspel for dei som rauk ut etter puljespelet. Viksdalen vann B-finalen på herresida mot "Morten "og de andre"". På spinnesida vart det eit spanande oppgjer mellom mor og datter på kvar sitt lag. Dei gamle vise seg å vere eldst, og "Blanda drops" vann tilslutt mot "The peparkakebakers" i B-finalen.