14. des. 2010

Julegtristurneringa 2010

Jula står for døra, og det same gjer julegristurneringa.


Turneringa vert som vanleg arrangert i Naustdalshallen 2.juledag (26.des.)

Det vert konkurrert i dame- og herreklasse. Startkontingenten er kr 600 pr lag.

Vi oppfordrar både klubbar og veneflokkar til å tromme saman lag og vere med på å skape god julevolleyballstemning i Naustdal.

Dei siste åra har vi fylt hallen til randa, og vi kan måtte sette ei grense for talet på deltakande lag. Her gjeld første-mann-til-mølla prinsippet, så det er berre å melde seg på i god tid.

Påmelding innan 22.desember på epost:
dag.storoy@enivest.net


Med venleg helsing


Sogn og Fjordane Volleyballkrins

Førde VBK Elite

Ingen kommentarer: