Både Vik og Superpakkisane klarte å forsvare skinketittelen frå 2007, og vann også turneringa i 2008. Jølster som var Vik sin motstandar i herrefinalen, men mestrane frå 2006 klarte ikkje å ta tilbake trona. På kvinnesida var det "Dei unge (og) lovande" som måtte gi tapt for fjorårsvinnarane. Laga hausta heim si andre skinke på like mange år, og vi ser fram til å sjå om dei kan klare det same for tredje gang.
I år vart det også spela eit nedre sluttspel for dei som rauk ut etter puljespelet. Viksdalen vann B-finalen på herresida mot "Morten "og de andre"". På spinnesida vart det eit spanande oppgjer mellom mor og datter på kvar sitt lag. Dei gamle vise seg å vere eldst, og "Blanda drops" vann tilslutt mot "The peparkakebakers" i B-finalen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar