22. des. 2008
4 dagar igjen..
Då er fristen ute og det er påmeldt 8 lag i kvar klasse. Det er nokre lag som har fått utvida frist for påmelding fram til i morgon kveld, så det kan bli eit par lag til. Oppsettet vil etter planen bli laga og publisert om kvelden veslejulaftan. Då vil dei nøyaktige detaljane bli lagt fram. Førebels kan laga instille seg på å starte kampane om morgonen klokka 9. Lag som kjem langvegsfrå vil sjølvsagt ha ein seinare start. Dersom det er lag som har andre særskilte ynskje i forhold til kampoppsettet bør det sendast melding om det innan veslejulafta kl 20:00
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar